Foreldreparet frå Eid klaga på behandlinga dei fekk på kommunelegekontoret på Nordfjordeid. Helsetilsynet har gitt den danske vikarlegen åtvaring for å ha brote helsepersonellova. Tilsynet meiner han handla uforsvarleg då han behandla dei to jentene. Feilbehandlinga er likevel ikkje så graverande at legen misser løyvet til å praktisere.

Uforsvarleg

Tilsynet konkluderer med at legen handla aktlaust i behandlinga av jentene. Dei legg spesielt vekt på at han ikkje endra behandlingsopplegget, sjølv om tilstanden til dei to små pasientane forverra seg gradvis.

Helsetilsynet er også opptekne av at legen meinte det kunne gå seks timar etter at mor tok kontakt fjerde gongen, før han kunne sjå på ungane. Den danske doktoren har forklart dette med at han gjennom telefonsamtalen med mora hadde forsikra seg om at det ikkje låg føre eit akutt behandlingsbehov.

— Ei slik medisinsk tilnærming finn vi uforsvarleg, konkluderer Helsetilsynet.

Dei meiner sjukdomsbiletet frå dag ein burde gitt legen mistanke om at jentene var smitta med RS-viruset, og då skal terskelen for innlegging i sjukehus vere låg.

Kritisk

Statens helsetilsyn understrekar at situasjonen var alvorleg. Begge jentene var svært dårlege då dei kom til Førde sentralsjukehus.

— Spesielt for den eine var tilstanden kritisk dei første ti timane etter innlegging. Adekvat behandling blei sett i gang, og gradvis betra den medisinske tilstanden seg for begge barna, heiter det i rapporten.

Konklusjonen er at den danske vikarlegen oppførte seg uforsvarleg. Helsetilsynet er dessutan uroa over at det kan sjå ut til at doktoren ikkje har lært så mykje av det som skjedde.

— Vi vil peike på at det gjennom dine kommentarar til saka heller ikkje i ettertid ser ut til at du har skjønt den faren du utsette pasientane for, skriv tilsynet i eit brev til legen.

Den danske doktoren har ikkje lenger noko arbeidsforhold i Eid kommune. Siste gongen han vikarierte i nordfjordkommunen, var i november i fjor.