PER MARIFJÆREN

Gjennom selskapet Vivarto har Nordfors sidan slutten av 80-talet utvikla tekniske løysingar for demokratiske prosessar via internett. Systema er prøvd ut ved lokale val både i Sverige og USA, og Nordfors har ei rekke gonger presentert systemet på konferansar i utlandet.

No har han gått eit steg lengre, og lanserer landet Nornia — eit virtuelt, demokratisk samfunn med sin eigen økonomi. Og eit univers av gnomar og vampyrar.

Veldig alvorleg meint

På den omfattande, engelskspråklege nettstaden www.nornia.com ligg all informasjonen om det nye samfunnet legen ser for seg. Blant anna er målet å frigjere menneska frå det Nordfors kallar vampyr-samfunnet, medan det demokratiske systemet skal fungere med elektroniske avrøystingar i alle saker. Vidare er økonomien basert på eit byttesystem med såkalla tidseiningar, og han ser for seg at systemet regelrett skal utkonkurrere det økonomiske systemet verda har i dag.

— Du skriv svært mykje om gnomar og vampyrar. Kan du vente å bli tatt alvorleg?

— Det er alvorleg meint. Veldig alvorleg. Og eg brukar desse omgrepa heilt bevisst. Utan humor og fantasi går det jo ikkje. Med vampyrar meiner eg dei folka som dagens system favoriserer, og som er overrepresenterte i politikk og næringsliv, seier Nordfors.

Redsle og tvang

— Vi har eit samfunn bygd på redsle og tvang, og desse vampyrane påfører folk rundt seg sjukdom, seier Nordfors.

På nettsida definerer han vampyrane som ein slags psykopatar. Vampires are life suckers, skriv han, og meiner at det heile starta da menneska ville legge naturen under seg gjennom jordbruket.

Overfor Bergens Tidende peikar Nordfors på kor dårleg dagens økonomiske system fungerer, og meiner han har eit alternativ som vil fungere langt betre for menneska. Han meiner dagens økonomi i framtida vil bryte saman.

Nordfors har hatt to samlingar i Jølster i år, såkalla Troll-parties, der ei rekkje utanlandske alternativøkonomar har jobba med å utvikle både Nornia-konseptet og shareware-teknologien som dette virtuelle samfunnet skal basere seg på.

Frå grasrota

Nordfors ser for seg at det nye samfunnet vil utvikle seg gradvis, frå grasrota og oppover.

— Eg trur ingen i det etablerte systemet kjem til å ta dette alvorleg, seier han. - Vi må satse på å nå dei unge, dei forstår dette lett.

Han trur at suksessen vil kome. Og når det skjer, vil konseptet trekkje mengder av såkalla vampyrar til seg.

— Dei vil kome også til oss, for dei vil sjå dette som ein sjanse til å gjere karriere, få makt. Dette må vi verne oss mot, for elles vil dei øydelegge alt, seier Nordfors.

På nettstaden sin presenterer 45-årige Nordfors seg, og seier han ikkje får fred i sinnet før prosjektet er oppe og går. Ein annan stad skriv han at han uheldigvis endå må reise til Yesterday Land mange dagar i veka for å tene vampyr-valuta som lege.

— Kor lang tid meiner du det vil ta å få realisert dette?

Nordfors ser på meg, smiler.

— Eg veit faktisk ikkje. 20 år?

HAR SKAPT SI EIGA VERD: Kommunelege Mikael Nordfors seier han samarbeider med alternativøkonomar frå heile verda. <br/>ARKIVFOTO: PER MARIFJÆREN