Fylkeslegen i Sogn og Fjordane meiner hendinga var eit enkelttilfelle, og vil difor ikkje sende saka vidare til Statens helsetilsyn sentralt.

— Hovudmålet med tilsynssaker er at dei skal vere med på å betre kvaliteten i helsetenesta. I dette tilfellet har legen vedgått feilen. Dermed meiner vi målet er nådd, seier fungerande fylkeslege Einar Hovlid.

Magesmerter

Det var i sommar ei kvinne frå Nordfjord fekk vondt i magen. Kvinna kontakta fastlegen sin på telefon og fortalde om smertene. Ho hadde kasta opp, og kjende seg slapp og ute av form.

Fastlegen lytta på kvinna, høyrde på det ho fortalde om symptoma og meinte det måtte vere omgangssjuke. Magesjau gjekk i området på denne tida, og legens råd var at pasienten skulle ringje igjen om ho blei dårlegare.

Dagen etter tek pasienten kontakt på ny. Symptoma er dei same, og legen oppfattar tilstanden som uendra. Doktoren gjev deretter råd om å sjå det an ytterlegare ein dag, men at pasienten må ta kontakt om tilstanden skulle forverre seg. Eventuelt kan ho også kontakte legevakta.

Til sjukehus

Også tredje dagen melder kvinna seg. Og no kjem ho til undersøking, men då hos ein annan lege. Doktoren legg kvinna inn på sjukehus. Her viser undersøkingane at pasienten har tarmslyng, og at det har utvikla seg betennelse i bukspyttkjertelen. Pasienten får intensivbehandling, men døyr etter nokre veker på grunn av multiorgansvikt.

At fastlegen første dagen valde å avvente situasjonen, blir ikkje vurdert som uforsvarleg. Fylkeslegen legg vekt på at legen kjende pasienten, og opplysningane som blei gitt om symptoma over telefon kan stemme med fleire sjukdommar. Men sidan det gjekk omgangssjuke i området, var det nærliggjande å tenkje i dei baner. Det kom heller ikkje fram opplysningar som kunne tyde på ein alvorleg tilstand.

Men då pasienten tok kontakt andre dagen, meiner Helsetilsynet legen burde bedt nordfjordkvinna kome til kontoret. Det burde vore gjort ei undersøking for å finne ut om ein alvorleg tilstand låg til grunn.

Sagt seg lei

Helsetilsynet i Sogn og Fjordane meiner det var uforsvarleg at pasienten ikkje blei undersøkt då han ringde andre gong, fordi tilstanden ikkje hadde blitt betre. Dei slår fast at behandlinga og oppfølginga ikkje har vore i samsvar med krav lova set til fagleg verksemd.

Statens helsetilsyn i Sogn og Fjordane meiner hendinga er enkeltståande. Dei understrekar også at legen har beklaga det som skjedde. Det er heller ikkje råd å vite om utfallet hadde blitt annleis, om behandling hadde vore igangsett tidlegare. Konklusjonen er at tilsynet ikkje finn noko grunn til å sende saka vidare til Statens helsetilsyn for å vurdere åtvaring eller andre reaksjonsmåtar mot legen.

— Vi har oppnådd det vi ville, seier Hovlid.

— Men det er vel mange hendelege uhell som fram gjennom tida har ført til reaksjonar mot helsepersonell?

— Det er klart det også ligg skjønn bak ei slik avgjerd. Vi vurderer ei rekkje sider, som kor alvorleg saka var og kva alternativa var. Men målet med tilsynssaker er ikkje først og fremst straff. Det er vel så viktig å vere med på å gjere kvaliteten på helsetenestene betre.