— Eg følte meg som ei hysterisk mor, seier Birgitte.

Halvtanna år etter at eine dottera sveva mellom liv og død på intensiven i Førde og den andre låg alvorleg sjuk på barneavdelinga på same sjukehus, har ho framleis vanskar med å snakke om det som skjedde då dei seks veker gamle tvillingane blei slått ut av RS-viruset.

— Eg var heilt paralysert, nesten i sjokk, seier ho.

Dei dramatiske dagane i juli i fjor starta så uskuldig. Storebroren Brynjar på fire og eit halvt blei forkjølt. Laurdagen etter blei tvillingsystrene Renate og Øyvor dårlege. Slappe og med tette luftvegar tok foreldra jentene til legekontoret i Eid søndag. Der blei dei møtte av ein dansk vikar som hadde legevakt.

- Ikkje noko ulyd

— Han lytta på dei, og gav oss beskjed om at sjølv om dei pusta tungt, var det ikkje noko ulyd på lungene. Berre vi passa på at dei ikkje blei dehydrerte, skulle dette gå fint, hugsar Birgitte.

Dagen etter var dei to jentene framleis sjuke, Renate dårlegast. Nok ein gong kontakta mor legen. Ho kom til om kvelden, men meldinga var den same. Det var ikkje noko å uroe seg for.

Tysdagen var tvillingane kalla inn til den obligatoriske kontrollen seks veker etter fødselen. Jentene var framleis slappe og dårlege. Nettopp av den grunn valde foreldra å reise til helsestasjonen på Nordfjordeid. Då dei blei kalla inn, viste det seg at den danske vikaren skulle ha kontrollen. Tilbakemeldingane var gode, jentene hadde lagt på seg og alt såg bra ut. Forkjølinga ville gå over, dei måtte berre passe på at jentene fekk i seg nok væske slik at dei ikkje blei dehydrerte.

Køyre sjølv?

Så kom natt til onsdag, og nokre timar Birgitte Barvåg ville ha sletta frå minnet, om ho hadde kunna.

— Eg låg på sofaen i stova med Renate. Ho var veldig slapp. Eg prøvde å få ho til å drikke, men ho greidde ikkje å ta til seg mat. På morgonkvisten må vi ha sove nokre timar. Då vi vakna, ringde vi doktoren. Vi fekk beskjed om å kome i femtida om ettermiddagen. Trøytt og sliten aksepterte eg, fortel Birgitte.

Det gjorde derimot ikkje far. Han ringde tilbake til legekontoret, og gav beskjed om at dei kom med Renate. På kontoret blei legen overraska då han såg dei. Etter å ha teke ein annan pasient inn til time, slapp han Renate til etterpå. Då var jenta bleik som eit laken, og hadde blåfarga lepper.

— Ho var nesten livlaus då vi var på kontoret.

No skjønte legen alvoret. Dei burde på sjukehus i Førde. Så kom det store spørsmålet: Dei ville vel køyre sjølv?

— Det var så på trynet. Vi var nesten i sjokk, men greidde å summe oss til å forlange ambulanse. Det er noko med desse doktorane som kjem hit frå byar, dei skjønar ikkje avstandane.

Foreldra kravde også at søstera Øyvor skulle på sjukehus. Men sidan bilambulansen ikkje hadde plass til to barnesete, måtte far køyre etter med jenta.

Full utrykking

På veg sørover mot Førde blei det for ambulansepersonellet raskt klart at dette var ein alvorleg situasjon. Renate hadde lite surstoff. Ho blei kopla til EKG og surstoff då ambulansen køyrde frå Eid. Ambulanseoppdraget blei oppgradert til full utrykking.

— Det gjekk unna, hugsar Birgitte.

På hjul låg Dag Ståle. Han reagerte på at Øyvor var så stille. Han såg at ho også var blitt bleik, og at ho hadde fått blåfarge på leppene.

Ambulansepersonellet rekvirerte luftambulanse frå Førde. Halvveges møttest dei. På eit jorde i Jølster tok helikopteret med seg Øyvor og faren. Øyvor blei prioritert sidan Renate alt var tilkopla utstyr. I helikopteret høyrde Dag Ståle pilot og lege snakka samen. Jentene skulle aldri vore sende i bil, dei skulle vore henta i helikopter.

Fleire pustestopp

Det første legane spurde om då dei kom fram til Førde sentralsjukehus, var om jentene hadde eldre sysken som hadde vore forkjølt. Då foreldra stadfesta dette, starta sjukehuset behandling mot RS-virus.

Men dramaet var ikkje over. Etter ein time forverra situasjonen seg for Renate. Ho blei overført til intensiven. Over ti timar sveva den vesle jenta mellom liv og død. Fleire gonger stoppa ho å puste.

— For Renate var det nokre tøffe timar.

— Korleis opplevde du det?

— Eg var så full i angst at eg nesten var paralysert. Men vi hadde kome til helsepersonell som høyrde oss og tok ansvar. Så på same tid var eg letta, for eg kunne ikkje gjere noko, seier Birgitte som rosar ambulansepersonellet og sjukehuset i Førde. - I Førde stod dei i telefonkontakt med Haukeland og utveksla erfaringar med legar der. Heile tida medan det var kritisk for Renate, stod intensivsjukepleiarar over henne og passa på.

Etter ti dagar blei døtrene utskrivne. I dag går det bra. Øyvor sleit lenge med slim i halsen, og har framleis lett for å bli forkjølt. Men julidagane i fjor gløymer ikkje Birgitte Barvåg.

— Ungane er jo det kjæraste vi har.

fakta RS-viruset

  • Eit vanleg virus som ofte gir luftvegsinfeksjonar hos spedbarn og småungar. Eitt av 50 barn som blir smitta kjem på sjukehus med alvorleg sjukdom.
  • Vanlege symptom er som ved forkjøling. Pusten går ofte fortare enn normalt, og ribbeina kan bli synlege på innpust. Barn under eitt år får dei kraftigaste symptoma.
  • Smitte blir overført via dropar eller direkte kontakt. Større ungar som er forkjølte bør haldast unna spedbarn.
I FIN FORM: Renate og Øyvor, to friske tvillingar. Slik var det ikkje i fjor sommar. Birgitte Barvåg meiner allmennlegar må vere raskare med å sende pasientane til spesialist.
Øystein Torheim