Det var tidlegare i vinter at ein mann vakna ein søndagsmorgon store smerter i brystet og stråling utover i armane. Mannen kjende seg så dårleg at han fekk mor si til å ringe kommunelegen. I sam-talen gjorde ho klart at sonen kjende seg svært dårleg, og ho skildra symptoma han hadde.

I følgje klagen skal doktoren først ha bedt om å få snakke med pasienten. Der-etter skal legen ha gjort det klart at han ikkje ville rykkje ut til heimen, men at pasienten måtte ta seg til legekontoret på eiga hand.

Klassisk tilfelle

Dette nekta mannen. Sogningen gjorde det klart at han var så dårleg at han ikkje ville greie å ta seg til legekontoret. Der-som han først skulle i bil, kunne han like godt dra til næraste sjukehus. Til slutt enda det med at mora tok sonen med i bilen, og køyrde han på sjukehus. Her blei det raskt slått fast at mannen hadde eit akutt infarkt.

– I følgje klagen har mor skildra eit klassisk tilfelle av hjarteinfarkt. Dersom det som står i klagebrevet er korrekt, er det nesten slik at det er litt vanskeleg å forstå at legen ikkje rykte ut, kommen-terer Petter Øgar, fylkeslege i Sogn og Fjordane.

Dagen etter innlegginga blei mannen send vidare til Haukeland med ambulansehelikopter. Her blei det gjennomført utblokking.

Går bra

– I dag er det standard behandling at ved mistanke om akutt hjarteinfarkt, skal pasientane sendast direkte med ambulanse-helikopter til Haukeland. Grunnen er at berre Haukeland av sjukehusa i Hordaland og Sogn og Fjordane gjennomfører utblokking, opplyser fylkeslege Øgar.

I følgje fylkeslegen går det fram at kla-gen at det ser ut til å ha gått bra med mannen.

Fylkeslegen har no oppretta tilsynssak, og vil i første omgang be om fråsegner frå legen og dei to sjukehusa som var involvert i behandlinga av sogningen.