— Jobben er altfor slitsam, seier han til BT.

Olav Ervik er den einaste legen som vil arbeide i Bergen fengsel. Sidan august i fjor har han jobba fast ein dag i veka i fengslet. Dei andre fire dagane i veka finn du han på Legekontoret i Eidsvåg.

— Å vere lege i eit fengsel er ingen vanleg dokterjobb, seier Ervik til BT.

— Eg kunne ikkje tenkje meg å jobbe meir enn ein dag i veka i fengslet, det blir altfor slitsamt. Eg hadde ikkje makta det.

- Redde for trugsmål

Pasientar i eit fengsel har heilt spesielle behov. Mange slit med store rusproblem, eller har behov for psykiatrisk hjelp.

— Det blir ingen vanleg pasient-dokter-situasjon i eit fengsel. Legen får ein langt større kontrollfunksjon, forklarar Ervik.

Han har opplevd trugsmål frå ein innsatt, fordi han ikkje ville skrive ut ein resept.

— Eg trur det kan vere ein av grunnane til at kolleger kvir seg for å jobbe i fengslet. Dei er redde for trugsmål mot seg og familien.

— Kva er positivt med jobben?

— Det er fagleg interessant å kome dei som er på livets skyggeside i møte, og prøve å hjelpe dei. I denne jobben møter du ein del ungdomar, som har gått i konstant rus i mange år. Å gje dei sjansen til å vere rusfrie ein periode - så langt det er mogleg - og vise at det går an, er ei utfordring.

Må bli fleire til å dra lasset

Men ikkje kven som helst bør bli fengselslege.

— Legen bør vere erfaren, og ha ein del år på baken i yrket. Ein nyutdanna lege kan lett bli brukt i denne stillinga, trur Ervik, som sjjølv er 47 år gammal.

— Kva skal til for å få andre legar til å søkje denne jobben?

— Eg veit ærleg talt ikkje. Men klart at løns- og arbeidsvilkår står sentralt. Helsetenesta elles i fengslet fungerer godt, og sjukepleiarane gjer ein flott innsats. Men eg trur det må fleire legar til, som kan dra lasset saman.