I fjor vår døydde ei 87 år gammal kvinne på sjukehuset. Ein halv time etter at dødsfallet var konstatert, kom legen inn. Legen hevda kvinna framleis levde, og spurde sonen om dei skulle sende ho til utlandet for hjartetransplantasjon.

Son til kvinna, Johnny Nord frå Gaular, seier til NRK Sogn og Fjordane at han oppfattar helsetilsynets avgjerd som eit signal om at legar ikkje treng følgje vanleg folkeskikk.

Leiinga ved sjukehuset har sagt seg leie for det som hende. Det var fylkeslegen i Sogn og Fjordane som sende klagen frå dei pårørande over til helsetilsynet. Han ba tilsynet vurdere reaksjonar og eventuell politimelding mot doktoren.

Konklusjonen frå helsetilsynet er at legen sin måte å oppføre seg på ikkje var eigna til å medføre fare eller til å påføre pasientar betydeleg belastning.