Vi skrur tida tilbake eitt år.

På Førde sentralsjukehus døyr ei 87 år gammal kvinne frå Gaular. Ho har eit vekelangt sjukeleie bak seg. Til stades er sonen, Johnny Nord, og kona hans.

Johnny Nord er sjølv utdanna sjukepleiar. Han er ikkje i tvil om at mora er død. Nord påkallar dei tilsette. Ein hjelpeleiar går for å få tak i lege. Ein halvtime etter at mora har sovna inn, kjem doktoren.

— Ho pustar

Legen tek til med å snakke om utdanninga si og yrket. Nord gjer han merksam på at mor hans har vore død ein halv time. Men det nektar legen å akseptere. - Ho pustar, er kommentaren. Deretter ber han sonen ta stilling til om dei skal prøve å skifte hjarte. I så fall må den 87 år gamle kvinna sendast til utlandet.

Første etter at legen har lytta på kvinna med stetoskop, og ikkje høyrt noko, ser han ut til å akseptere at kvinna er død. Då rekkjer doktoren stetoskopet til sonen, ber han lytte, og spør om dei skal starte gjenoppliving.

Absurd

— Her har mor di på 87 nett gått bort. Og så skal du oppleve noko slikt. Det var ein fullstendig absurd situasjon, seier Johnny Nord.

Ein sjukepleiar som var til stades, har i grove trekk stadfesta Nords versjon av det som hende. Johnny Nord er ikkje overraska over at Statens helsetilsyn no har frikjent legen.

— Det er eit system som er veldig vanskeleg å komme gjennom, så uventa var det ikkje. Men eg er veldig skuffa, seier han.

Etter at Nord klaga, sa leiinga ved sjukehuset seg leie for det som hende. Fylkeslegen i Sogn og Fjordane meinte det dei pårørande hadde opplevd var så graverande at han sende klagen til helsetilsynet. Han ba tilsynet vurdere reaksjonar og eventuell politimelding mot doktoren.

Ingen fare

Konklusjonen frå helsetilsynet er det tvert motsette. Legens måte å oppføre seg på var ikkje eigna til å medføre fare eller til å påføre pårørande betydeleg belastning. Det er ingen grunn til å reagere.

— Eg syns det er ei merkeleg avgjerd. Når ein lege kan finne på å seie slikt, så stiller i alle fall eg store spørsmålsteikn ved tryggleiken, seier Nord.

— Vilkåra var ikkje til stades for å gje legen åtvaring, seier fagsjef i Helsetilsynet, Aud Nordal, til Bergens Tidende.

Johnny Nord kjem truleg ikkje til forfølgje saka vidare, men meiner at nokon bør sjå på hendinga på eit meir prinsipielt grunnlag:

— Viss lovverket er laga slik at det er uråd å gripe inn, bør noko gjerast med lovene.

Folkeskikk

Johnny Nord sa til NRK Sogn og Fjordane i går at han bestemte seg for å gå vidare med saka for at andre skulle sleppe å oppleve det same. No meiner han utfallet har blitt nesten stikk motsett.

— Eg tolkar helsetilsynets avgjerd som eit signal om at legar ikkje treng følgje vanleg folkeskikk, seier han.

Men det avviser tilsynet:

— Tvert om har vi påpeika at legen har gjort seg skuldig i brot på omsorgsplikta. Men vilkåra for å gje advarsel er likevel ikkje til stades. Då må meir til, forklarar Aud Nordal.

ABSURD: - Avgjerda er eit signal om at legar ikkje treng følgje vanleg folkeskikk, meiner Johnny Nord.
FOTO: ODDLEIV APNESETH