— Dei var litt nedkjølte, men elles i god form, og viste ein eineståande oppførsel, seier Halsnøy-doktoren Odd Kvamme til Bergens Tidende.

Først klokka 20.30 søndag blei dei to brørne på fem og ni år og ei jente på sju år funne i skogen nord på Fjelbergøy. Då hadde det som skulle vera ein liten skogstur med hunden Tussi varte i åtte og ein halv time. Fana-borna hadde vore meldt sakna i over tre timar, ein større leiteaksjon var i gong. Våte, trøytte og utslitne hadde dei sett seg til rette ved ein bergnabb for å kvila. Men dei var for våte og kalde til å få sova. Geir Eide og Lars og Odd Kvamme er vane med å gå på hjortejakt i området, og visste kor dei skulle leita. Først oppdaga dei hunden Tussi i sjøkanten, leitemannskapa gjekk i land og fann like etterpå ungane i eit lite høgdedrag 15 meter frå stranda.

Overraska av mørket

Ein av fedrane som melde ungane sakna hadde tidlegare leita i området der borna blei funne.

Dei hadde høyrt ropet hans, men han høyrde ikkje dei rope tilbake.

Faren fortel at ungane fleire gonger hadde gått på tur med gardshunden Tussi i skogområdet ved Nordhus på Fjelbergøy. Dei hadde hatt med seg mat og drikke for utfluktene. Søndag kom mørket fortare på dei enn rekna med, og dermed kom dei bort frå skogsvegen der dei var kjende.

Det var lett regn i området, og Redningssentralen på Sola vurderte forholda for vanskelege til å søkja med helikopter. Helikopteret gjorde derfor vendereis. Ein politibåt med hundar var på veg ned frå Bergen for å delta i søket.

Politi, frivillige frå Borgundøy og Fjelbergøy og Røde Kors- og ambulansemannskap frå Kvinnherad melde seg til teneste for å leita etter dei tre ferierande ungane som var blitt melde sakna om lag klokka 17.

Ikkje panikk

Odd Kvamme, Lars Kvamme og Geir Eide er imponerte over at ungane oppførte seg så rolege. I staden for å få panikk og kava seg opp, var dei rolege og sparte på kreftene.

Utpå kvelden søndag hadde dei tre borna fått på seg varme klede og mat i kroppen. Doktor Odd Kvamme kom innom familien si hytte på Fjelberg for å forsikra seg nok ein gong om at alle tre hadde det bra.

Faren gav uttrykk for stor takksemd til alle som melde seg til teneste for å leita søndag.

Ungane var litt nedkjølte men elles i god form Lege Odd Kvamme i Halsnøy

LUKKELEG SLUTT: Kvartetten frå Halsnøy som fann dei tre sakna småungane på Fjelbergøy søndag kveld. Frå v. Geir Eide, Odd Kvamme og Lars Kvamme saman med hunden Nasko.<p/>FOTO: OVE ARNE OLDERKJÆR