At spesialistane i kirurgi tek ansvar for keisarsnittberedskapen ved sjukehuset er ein føresetnad for at fødeavdelinga i Lærdal skal gjerast om til det Helse Vest kallar forsterka fødestove frå 1. januar.

Frå før har alle jordmødrene ved avdelinga sagt opp. Dei meiner fødetilbodet Helse Vest legg opp til, ikkje er fagleg forsvarleg. Så langt har det ikkje lukkast sjukehuset å skaffe ei einaste fast jordmor som erstattar. Fram til nyttår har sjukehusleiinga greidd å sikre jordmordekninga ved hjelp av vikarar, med etter årsskiftet er det svart. Dei som tek del i vikarstafetten fram til årsskiftet, har gitt beskjed om at dei ikkje vil vere med etterpå.

Uforsvarleg

Med utspelet frå kirurgane ryk også legeberedskapen, ein av dei viktigaste berebjelkane for å få til ei forsterka fødestove i Lærdal.

Berre ein av kirurgane ved Lærdal-sjukehuset har kompetanse for naudkeisarsnitt. Men vedkommande dekkjer berre ein sjettedel av vaktene. Ingen av spesialistane i kirurgi som dekkjer resten, vil ta ansvaret for keisarsnittberedskap. Flesteparten av kirurg-stillingane er dessutan dekka inn gjennom vikarstafett.

— Å påleggje vikarane dette, vil seie at vi ikkje får tilsett vikarar i framtida. Også når det gjeld framtidig rekruttering av spesialistar, vil eit slikt pålegg virke svært negativt, skriv konstituert avdelingssjef ved kirirugisk avdeling, Geir Berge Øverland, i eit brev til sjukehusleiinga

Kirurgane har orientert leiinga ved sjukehuset om at etableringa av eit system der dei skal utføre naudkeisarsnitt, blir tatt opp med Norsk Kirurgisk Forening og Norsk Gynekologisk Forening.

— Å lage eit system der kirurgane skal ha ansvar for naudkeisarsnitt er fagleg uakseptabelt, meiner Berge Øverland.

Problematisk

Sjukehusdirektør Leif Hamnen seier han framleis arbeider for å få til ei forsterka fødestove, men vedgår at arbeidet er problematisk.

— Men eg har ikkje fått noko anna mandat frå leiinga i helseføretaket, seier Hamnen.

Til Bergens Tidende seier Lærdal-direktøren at han ikkje trur det er aktuelt å beordre legane til å utføre keisarsnitt. Det er ei avgjerd kirurgane må ta frå gong til gong.

— Betyr dette at ei fødande, med behov for akutt keisarsnitt, kan risikere at ho ikkje får det i Lærdal?

— Sett på spissen, ja. Det vi må syte for er at dei som er i faresonen, blir sende til andre sjukehus.

— Men det er vel ikkje alltid råd å vite på førehand?

— Nei.

Leiaren i Sogn regionråd, Lærdal-ordførar Olav Wendelbo, tolkar utspelet slik at det er stor risiko for at sjukehuset står utan fødetilbod frå 1. januar. Han fryktar også at kirurgane kan gjere som jordmødrene, seie opp stillingane sine. I eit brev til helseminister Dagfinn Høybråten krev han difor at konsekvensane av nedlegging blir utgreidd.