Det etiske regelverket for legar er strengt. I utgangspunktet kan ikkje ein lege sjukmelde, skrive attestar, legeerklæringar eller gje medisin på blå resept til kone, ungar, søskjen, svigermor eller medarbeidarar.

Likevel har mange fastlegar familie, kollegaer og nære vener på pasientlista si, viser ei spørjeundersøking blant 455 norske legar:

n Om lag ein fjerdedel av norske fastlegar har ektefelle og eigne ungar på lista

n Like mange har ein legesekretær eller legekollega frå same kontor på lista

n Over halvparten har ein legekollega frå same kommune på lista

Undersøkinga er utført ved Institutt for samfunnsmedisinske fag i Bergen, og blir presentert i siste nummer av legetidsskriftet.

Når pappa er lege

Frå 1999 gjeld reglane i forvaltningslova i habilitetsspørsmål for legar. I lova heiter det mellom anna at ein er ugild når ein sjølv er part i saka, er i nær slekt, trulova, gift eller i svogerskap med ein part.

Men ifølge ein av artikkelforfattarane, turnuslege Børge Vassbø, er ein del legar skeptiske til lovverket. Mykje handlar om skjønnsmessige vurderingar, og særleg i små kommunar kan det vere vanskeleg å praktisere lova.

— Tenk deg at du er gravid, og bur i ei bygd, der far din er einaste lege. Det er ti mil til neste legekontor, du er sterkt plaga av svangerskapskvalme og treng sjukmelding. Etisk sett er det betenkeleg at far din skriv ut sjukmelding. På den andre sida vil det vere firkanta om du må reise ti mil, når du er så sjuk, seier Vassbø til BT.

— Undersøkinga viser også at legar i småkommunar er meir rundhanda med attestar og blåreseptar til slektningar, vener og medarbeidarar, legg han til.

Legeerklæring til svigermor

Fastlegane oppgir at dei har utført medisinske tenester som kan innebære habilitetskonflikt. Mellom 18 og 31 prosent har skrive ut blåresept til ein av dei oppgitte personane. For kvit resept er omfanget er langt større: 57 prosent av legane har skrive ut resept til medarbeidarar, og 42 prosent til foreldre og born.

Legane viser stor variasjon i synet på eigen habilitet i tenkte situasjonar: Mest positive er dei til å tilvise ei søster til augelege, eller gje far sin blåresept på hjartemedisin.

Minst positive er dei til å skrive ut legeerklæring for sjukeheimsplass til svigermor, eller forlenge sjukmeldinga til ein svoger.

Eldre legar mest liberale

Undersøkinga avdekkjer også generasjonsforskjellar i synet på eigen inhabilitet. Eldre legar er langt meir liberale, når det gjeld å gje ein nær ven sjukmelding, skrive ut førarkortattest til svigerfar, eller migrenemedisin til ektefellen.

— Årsaka kan vere at yngre legar i større grad er oppdaterte på lovteksten, eller at eldre legar er langt meir erfarne, og derfor mindre redde for å gjere feil. Som fersk lege føler eg at eg må vere 110 prosent sikker for å skrive ut resept til nokon eg kjenner godt, seier Vassbø.

— Bør norske legar seie nei til nær familie, vener og kolleger på pasientlista?

— Ideelt sett ja, så lenge det er praktisk mogleg å velje ein annan lege. Mange situasjonar kan bli ubehagelege, dersom ein kjenner pasienten for godt. Det er godt å vite at du kan avvise pasientar ved å vise til regelverket.