ØRJAN HAYYEBERG

Han kjenner ikkje til dette særskilde tilfellet og vil difor berre uttala seg om generelle situasjonar.

— Dersom det ikkje hastar å behandla pasienten, har legen høve til å visa pasienten til sin faste allmennlege. Det er til sjuande og sist legen sitt ansvar å vurdera om situasjonen er så alvorleg at pasienten treng behandling straks, fortel Bakke.

Sjølv om det er legen som har hovudansvaret, så er det i praksis legens helsepersonale som tek desse vurderingane.

Dersom fastlegen ikkje er tilgjengeleg, så er det kommunen som har ansvaret for å stilla opp med legevakt. Bakke rår til at du nyttar naudtelefonen 113 dersom du treng akutt livreddande behandling. Pasientar som tek kontakt med Akuttmedisinsk kommunikasjonssentral (tlf 113) på Haukeland sjukehus vil ikkje bli vist vidare til fastlegen.

— Hos oss viser vi sjeldan til fastlege. Som regel viser vi til Bergen legevakt. Det er takka vere godt samarbeid med legevakta at vi kan gjera dette, fortel avdelingsoverlege Paul Forstrønen.