TERJE ULVEDAL

terje.ulvedal@bt.no

Stadig oftare kjem doktorane opp i situasjonar dei opplever som farlege. Minst ein gong i månaden opplever legane å bli trua av personar som er rusa eller har psykiske vanskar.

— Det er ikkje kjekt å vere åleine i slike situasjonar, seier kommunelege Leiv Erik Husabø i Leikanger til NRK Sogn og Fjordane.

I Sogndal har kommunen oppretta ei stilling for å avhjelpe situasjonen, men kommunlegen i Leikanger hadde helst sett eit utvida legevaktsamarbeid.

— Når vi jobbar i lag med andre, er vi ikkje så sårbare, seier Husabø.