Frå 2003 vil fire av dei åtte legestillingane i Sogndal kommune stå ledige. Det er kommunelege Per Stensland som slår alarm om legemangelen som rammar regionsentret i indre Sogn. På toppen av dette står Sogndal kommune også utan turnuslege i departementet si fylkesvise prioritering av turnuslegar etter 15. februar neste år. Den kritiske legetilstanden i Sogndal går fram av eit brev Stensland har sendt fylkeslegen og ordføraren i Sogndal.