— Kvar dag er ei glede. Eg har alltid hatt godt humør. Det er derfor eg er blitt så gammal, seier Erling Rasmussen, som fylte hundre år førre sundag.

Ny forsking tyder på at han har rett. Er du lite stressa, tilpassingsdyktig og open for forandringar, har du nemleg større sjansar for å leve til du blir hundre. Dette er konklusjonen i hovudfagsoppgåva til medisinaren Nina Brückner (27) ved universitetet La Sapyenza i Roma.

Brückner, opphavleg frå Stord, har forska på 150 romerske hundreåringar for å finne ut kvifor dei blir så gamle, skriv Sunnhordland. Lågt stressnivå er ei viktig forklaring.

- Gift deg med den rette!

— Eit fellestrekk for desse hundreåringane er at dei har veldig energi, er optimistiske og mentalt opne for forandringar. Stressnivået er lågt, seier Brückner til BT på telefon frå Roma.

— Dei held på livsgløden, og tilpassar seg det som skjer rundt dei.

Brückner fortel om ein hundreåring som var sengeliggjande og nokså krank. Ho bad han om å sette ein vilkårleg setning ned på papiret. Mannen skreiv: «La vita bella». Livet er flott.

Erling Rasmussen har same innstilling. Frå godstolen på Nyborg gir han følgjande oppskrift på eit langt og godt liv:

  • Ver alltid i godt humør
  • Sørg for å ha ein jobb du trivest med
  • Gift deg med den rette!

— Å gifte meg med Andry er det beste eg har gjort. Ho har forlenga livet mitt, seier hundreåringen i Åsane.

Optimisme kan lærast

Erling Rasmussen seier at han er født optimist. Men forskarane kan ikkje seie om det er genane våre som avgjer om vi ser mørkt eller lyst på livet.

— Det veit vi ikkje. Vi har ikkje funne stressgenet enno, men skal forske vidare i samarbeid med ein nevrologisk klinikk i Roma. Ved hjelp av blodprøver skal vi kartlegge genane til hundreåringane, seier Brückner til BT.

— Men kan vi lære å sjå lyst på livet?

— Ja. Det er ikkje sant at vi må behalde ein og same personlegdom heile livet. Det handlar om å tilpasse seg, og arbeide med stress på ein positiv måte. Er du grinebitar, inneslutta og stressa, kan du rett og slett bli sjuk og deprimert.

Vil bli 110

Brückner, som har jobba med demente både i Roma og på Domkirkehjemmet i Bergen, meiner at forskingsresultata frå Roma kan overførast til norske forhold.

Og sjølv om dei romerske hundreåringane vaks opp i ei anna tid, seier Brückner at konklusjonane hennar også er relevante for nye generasjonar hundreåringar.

— Dei eg har intervjua har trass alt overlevd to verdskrigar. Sjølv om omgrepet ikkje var oppfunne den gongen, var nok folk stressa før også, men ein annan måte, seier ho til BT.

I tillegg til kona har roklubben, riding og hytteliv på Eikangervåg vore viktig i Erling Rasmussens lange liv. Jobben i kjøtbransjen, også, sjølv om det var hardt arbeid seint og tidleg.

Hundreåringen har tre barn, åtte barnebarn og like mange oldebarn, og har ikkje tenkt å gje seg med det første.

— Eg kan tenkje meg å bli 108 eller 100 år. Eg gir meg ikkje før.