Han forklarte seg i den mykje omtalte kidnappingssaka i april i fjor, der ein mann frå Voss vart strippa naken, truga av to «torpedoar» frå Hells Angels-miljøet og mot sin vilje køyrt til Bergen der han vart halden som «fange» til dagen etter.

Den fornærma kom til huset der vitnet er leigebuar for å selja støvsugar til husverten, men så dukka HA-karane opp. Støvsugaragenten visste at dei var ute etter han på grunn av pengegjeld.

Politiet meiner at både fornærma, husverten og minst ein av dei to kidnapparane hadde vore inne i husværet til leigebuaren, men leigebuaren forklarte til politiet at han ikkje hadde nokon på besøk. Han la seg til å sova like etter at han kom heim frå arbeid.

I retten vedgjekk han at husverten var innom, men ingen andre. Husverten er «alltid» innom, så det reknar han ikkje som eit besøk som er verdt å nemna.

Dette er retten sterkt usamd i. Politiet gjorde det heilt klart at vitneprovet var viktig i ei kriminalsak, og han hadde plikt til å opplysa om alle som var innom.

I spørsmålet om støvsugar-agenten og ein torpedo var inne i husværet hans (og han var vitne til deler av brotsverket), står påstand mot påstand, og retten let tvilen koma tiltalte til gode. Difor vart han berre dømt for å ha forklart seg usant om husverten sitt besøk.