Sea Cargo-skipet «Trans Carrier» fekk maskinproblem utanfor Rommetveit på Stord.

— Skipet har kasta ut eit anker, og ligg i ro på skeiva inn mot land, seier nabo Ola Lunde.

— Det er ein lekkasje av smøreolje i motoren, og derfor vil ikkje kapteinen gå vidare. Skipet har motoren i gang, og det er ikkje noko dramatikk rundt dette, seier redningsleiar ved Hovudredningssentralen, Jan R. Lillebø.

Kapteinen om bord fekk sjølv tak i slepebåt, og trengte ikkje hjelp frå Hovudredningssentralen.

Klokka 04.19 var båten slept til kai på Husnes.

Skipet Trans Carrier har motorproblem utanfor Stord.
Ole Jakob Dingen