... sjåføren på personbilen ...han bare ligger der. Alt raser sammen ...jeg har drept et menneske. Tårene mine renner ...jeg klarer ikke å holde igjen. Problemer med å puste. Da oppdager jeg bilen som kom bak meg, og enda en. De kommer mot meg og tar seg av meg. Jeg vet ikke hvem de er, men jeg er evig takknemlig for at de var der. Så kom politi, sykebil og alt. Jeg husker egentlig svært lite av det som skjedde fra det smalt til jeg var på sykehuset. Alle var så hjelpsomme. Til og med politiet. Alle sa det er ikke min skyld ...men uansett er det JEG som kjørte lasteb ilen.

Utdraget står å lese i rapporten til psykiater Hans Olav Tungesvik. Det er eit utdrag frå ei personleg historie. Nedskriven av ein 36 år gammal yrkessjåfør, fire månader etter at han kolliderte med ein personbil. Ein vanleg bil der føraren, som nyleg var utskreven fra psykiatrisk avdeling, ville avslutte sitt eige liv.

I løpet av 2005, på oppdrag frå Norsk Lastebileierforbund, tok psykiater Hans Olav Tungesvik kontakt med 20 lastebilsjåførar som har vore gjennom møteulukker med personbil. I 18 av ulukkene var utgangen dødeleg for ein eller fleire personar. Heile 75 prosent av ulukkene skjedde på rett strekning med god oversikt.

I rapporten går Tungesvik bak «Årsaka til ulukka er ikkje kjend»-overskriftene og ser på kva som skjer etter at media har satt punktum med «...og lastebilsjåføren kom fysisk uskadd frå ulukka».

Halvparten fekk seinskader

Sjåførane av tungtransporten kom fysisk uskadde frå kollisjonane. Men Tungesvik skildrar den psykiske belastninga som massiv og langvarig.

Så mange som 50 prosent av sjåførane har opplevd psykiske og psykosomatiske reaksjonar som kvalifiserer til diagnosen posttraumatisk stressyndrom. 50 prosent har opplevd at ulukka har fått følgjer for arbeidssituasjonen, 40 prosent av dei spurde slår fast at ulukkene fekk konsekvensar for familie— og samliv. To av sjåførane ser direkte samanheng mellom ulukka og samlivsbrot.

— Ulukkene set varige spor, men lukkelegvis er alle 20 i fullt arbeid i dag, nokre har skifta yrke, men dei fleste køyrer framleis vogntog og klarer seg godt i dag, seier Tungesvik.

Det å behalde førarkortet er heilt avgjerande for sjølvkjensla og totalopplevinga etter slike ulukker. 20 prosent av sjåførane i undersøkinga opplevde å bli fråteken førarkortet. Dei følte seg mistenkte.

— Det er ti gongar verre for ein yrkessjåfør å miste førarkortet enn andre. Politiet bør vere varsame når beslag av førarkort vert vurdert etter slike ulukker, meiner Tungesvik.

I arbeidssituasjon har alle sjåførane opplevd å bli meir på vakt. Mange opplever at nye ulukker og nesten-ulukker framkallar hjartebank, flash-backs, sveitte og skjelving.

Tydeleg sjølvmordtendens

I dei 20 møteulukkene Tungesvik har undersøkt peikar minst halvparten av ulukkene seg ut som prosjekt der personbilsjåførane har freista å ta sitt eige liv. Åtte lastebilsjåførar melde at dei såg sjåføren i den møtande bilen dreie rattet mot lastebilen på ein måte som verka bevisst. Fem av sjåførane såg at personbilføraren hadde eit fast blikk retta mot lastebilsjåføren.

Undersøkingsmaterialet er for lite til at det går an å trekke bastante konklusjonar om kor vidt så mange som om lag 50 prosent av alle slike kollisjonar er resultat av sjølvmordforsøk.

— Men undersøkinga viser ein veldig tydeleg tendens, meiner Tungesvik.

Må førebyggje

Han meiner samfunnet må setje all kraft inn på å førebyggje denne typen livsavbrot, fordi dei rammar så mykje vidare enn han/ho som vil ta sitt eige liv og han/hennar familie. Ringverknadane og konsekvensane for lastebilsjåførane og deira familiar har det til no vore lite kunnskap om.

— Dette er viktig folkeopplysning. Mitt håp er at med sakleg og sindig informasjon, så vil fleire velje bort denne metoden til å avbryte sitt eige liv, seier Tungesvik.

Ein av sjåførane i undersøkinga skreiv følgjande til Tungesvik etter at han hadde vorten intervjua av psykiateren:

«Jeg håper denne undersøkelsen kan bli kjent blant folk flest, slik at alle får øynene opp for hvilket mareritt som blir påført andre av dem som bruker denne metoden til å ta sitt eget liv. I beste fall kan det virke forebyggende».