TERJE ULVEDAL

Den alvorlege hendinga, som skjedde på ein nattavgang Mannheller-Fodnes 30. november, er meld til politiet. Det får Bergens Tidende stadfesta hos leiinga ved Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane (FSF).

Det var ferjemannskapet på M/F «Stryn» som oppdaga den mildt sagt eksplosive lasta på største ferjesambandet i Sogn og Fjordane. Halvveges mellom Mannheller og Fodnes fekk dei mistanke om at skiltet som skulle vise at lastebilen førte farleg last var snudd. Mannskapet gjekk deretter opp på bilen for å undersøkje lasta nærare. Der fann dei at transporten bestod av ikkje mindre enn 12.000 kilo dynamitt.

Strenge reglar

Regelverket for ferjefrakt av farleg gods er svært strengt. Dersom det er fleire enn 12 passasjerar om bord, skal det ikkje fraktast sprengstoff med ferjer. Då må det tingast ekstraferje. Etter det Bergens Tidende er kjend med, var det fleire enn 12 passasjerar på nattavgangen. Sjåføren er difor mistenkt for å ha snudd skiltet på ferjekaien då han såg at han ikkje ville komme med, og måtte betale for ekstraavgang.

Etter det Bergens Tidende kjenner til blei både Statens vegvesen og politiet varsla om hendinga. Lastebilen fekk likevel køyre av ferja og forsetje vidare.

— Saka er meld til politiet, opplyser ferjesjef i Fylkesbaatane, Svein Solheim. Sidan dette no er ei politisak ønskjer ikkje Solheim å gje ytterlegare kommentarar.

— Kor mykje kostar det transportselskapa å tinge ekstraferjer?

— Det varierer veldig. Dersom vi kan tilpasse det, treng det ikkje bli så veldig dyrt. Det vil gå an å komme frå med rundt 2000 kroner. Men dersom slike ekstraturar skjer på ukurante tider, kan det bli langt dyrare, seier Solheim.

Vanskar med stykkgods

Seksjonsleiar Thormod Gausdal i Statens vegvesen viser til at regelverket for merking av farleg last er utarbeidd av FN. Skilta som viser at ein lastebil eller vogntog fører farleg last, inneheld talkodar som fortel kva last der er snakk om. Sjåføren skal dessutan ha eit eige kompetansebevis.

Heller ikkje Gausdal ønskjer å kommentere den umerka sprengstofftransporten på ferjesambandet i Indre Sogn, men generelt viser han til at det vegvesenet oftast har problem med når det gjeld frakt av farleg last, er transport av stykkgods.

— Mellom anna hender det at vi finn farleg last som er stukke vekk mellom andre ting som blir transporterte. I grunnen har vi få overtramp. Men det er ein tendens til at dei få vi oppdagar på våre kontrollar, er verkeleg grove, seier Gausdal.

Alvorleg

Ifølgje Gausdal er det derimot små vanskar med den omfattande tanktransporten som skjer av bensin, diesel og gass langs norske vegar.

— Oljeselskapa som driv slik transport har svært strenge, nesten rigide reglar. Vår oppfatning er at dei er svært nøye på at desse blir følgde, seier seksjonsleiaren i Statens vegvesen.

Både i Fylkesbaatane og Vegvesenet ser dei svært alvorleg på sprengstofftransporten på Sognefjorden siste natta i november. Tidlegare er det gitt fengselsstraff for liknande saker.

Ingen av polititenestemennene som har med etterforskinga å gjere, var i går tilgjengelege for kommentar.