– Det er ikkje nokon som er skadd, men det er lekkasje frå bilen. Det er ikkje farleg gods som lekker ut, og vegen er open. Den kan verte stengd i periodar i samband med bilberging, seier operasjonsleiar Olaug Holme i Sogn og Fjordane politidistrikt.

Ulykka skjedde ved Ykslandsvatnet i Gaular, og både bilen og hengaren ligg på sida.

– Vi veit ikkje kvifor lastebilen velta. Det har vore manuell dirigering på staden, seier Holme.

Politiet fekk melding om ulykka like over klokka 16.

Klokka 24 er lastebilen fortsatt ikkje fjerna.

— Vi held fortsatt på med bilberging, seier operasjonsleiar.

Ulykka skjedde ved Ykslandsvatnet i Gaular.
EGIL EIKELAND