– Krana på lastebilen har tatt opp i brua, og føraren av bilen er skadd. Han er frakta til Haukeland sjukehus, seier operasjonsleiar Torgeir Stødle i Haugaland og Sunnhordaland politidistrikt.

Føraren er ein mann i 40-åra. Politiet kjenner ikkje skadeomfanget.

Ulykka skjedde ved Hatland bru på Heiane på Stord, og politiet fekk melding om ulykka klokka 09.49 onsdag.

Delar av krana ramla ned og ligg framleis i vegbana. Både vegen og brua er stengt for trafikk.

– Brua må undersøkjast av ekspertise før den vert opna for trafikk. Vegen vil vere stengt i nokre timar framover, og det vil bli skilta omkøyringsveg, seier Stødle.

OVE OLDERKJÆR (MMS)
OVE OLDERKJÆR (MMS)