Lastebil stengde Rv 551

Ein lastebil velta på den smale vegen mellom Løfallstrand og Ruglebarm i Kvinnherad. Vegen var stengd i mange timar.

Lastebilen velta om lag klokka 09.25 torsdag ved Årsnes om lag tre kilometer nord for Løfallstrand i Kvinnherad.

- Vegen er stengt fordi eit vogntog har velta i vegbanen. Ingen vart skadd i velten. Vegen her er smal og det er ikkje fysisk mogleg å køyra forbi, fortalde konstituert lensmann Stig Dagfinn Tveiten i Kvinnherad til bt.no.

Vegen vart opna att cirka 14.30.

David Hellesøy rakk så vidt fyrste skuledag på tross av den velta lastebilen.

- Kona skulle køyre han til skulen, men ringde meg og fortalde at vegen var sperra. Eg måtte berre sleppe alt eg hadde i hendene på jobb, og koma og hente dei, seier Thor Ivar Hellesøy til bt.no.

Tilfellet ville ha det til at han jobba på den andre sida av bilvelten. Dermed rakk sonen hans fyrste skuledag med eit naudskrik.

Ifølgje operasjonsleiar i Hordaland politidistrikt, Walter Fosse, var lastebilen lasta med frukt.

- Så no er det ein god del frukt i vegkanten der, seier han.

Her kan du sjekka oppdaterte vegmeldingar.

Les også

Siste fra Lokalt

To funnet døde i Os

Dødsfallene er en gåte.

Bergensjente blir Chanels nye ansikt

Den nybakte supermodellen Merethe Hopland (20) kan regne med honorar i millionklassen.

Fylkesmannen slår ned på bar i naust

- Bare noen gamle møbler, sier eierne. - Ulovlig, mener fylkesmannen.

Slik kom politiet på sporet av vrakene

Ren slump avslørte dumpingplass ved Knarvik. Her er historien bak.

Båt havarerte ved kai i Sandviken

Brannvesenet legger ut lenser for å stoppe diesellekkasje fra båten «Victoria Regina» i Elsesro i Bergen.

Forbyr salg av barnegrøt

Barnegrøten kan være helseskadelig.

Relaterte bilder

RAKK SÅ VIDT SKULEN: David Hellesøy (til høgre i biletet) var heldig i dag.

TOTALT SPERRA: Vegbanen blir fullstendig sperra av lastebilen. FOTO: Thor Ivar Hellesøy

Dette deler våre lesere på Facebook:

Mest lest

SØK I SKATTELISTENE (2009)

Siste saker

Lederstillinger

Stillinger