Lastebilen velta om lag klokka 09.25 torsdag ved Årsnes om lag tre kilometer nord for Løfallstrand i Kvinnherad.

— Vegen er stengt fordi eit vogntog har velta i vegbanen. Ingen vart skadd i velten. Vegen her er smal og det er ikkje fysisk mogleg å køyra forbi, fortalde konstituert lensmann Stig Dagfinn Tveiten i Kvinnherad til bt.no.

Vegen vart opna att cirka 14.30.

David Hellesøy rakk så vidt fyrste skuledag på tross av den velta lastebilen.

— Kona skulle køyre han til skulen, men ringde meg og fortalde at vegen var sperra. Eg måtte berre sleppe alt eg hadde i hendene på jobb, og koma og hente dei, seier Thor Ivar Hellesøy til bt.no.

Tilfellet ville ha det til at han jobba på den andre sida av bilvelten. Dermed rakk sonen hans fyrste skuledag med eit naudskrik.

Ifølgje operasjonsleiar i Hordaland politidistrikt, Walter Fosse, var lastebilen lasta med frukt.

— Så no er det ein god del frukt i vegkanten der, seier han.

Her kan du sjekka oppdaterte vegmeldingar.

RAKK SÅ VIDT SKULEN: David Hellesøy (til høgre i biletet) var heldig i dag.
TOTALT SPERRA: Vegbanen blir fullstendig sperra av lastebilen.
Thor Ivar Hellesøy