Ulukka skjedde like ved Gimmestad kyrkje i Gloppen. Lastebilen køyrde inn i autovernet og hamna til slutt i Gloppefjorden.

— Bilen køyrde gjennom autovernet, men det er ingen personskadar. Sjåføren kom på land ved eiga hjelp, seier operasjonsleiar Wenche Hope i Sogn og Fjordane politidistrikt.

Sjåføren var åleine i bilen og vart frakta til legevakt med kuttskader.

Politiet fekk melding om ulukka klokka 12.50, og kan førebels ikkje seie noko om årsaka til ulukka.

Oddleif Løset/Firda Tidend
Oddleif Løset/Firda Tidend
PÅ FJORDEN: Ulukka skjedde på riksveg 614, like ved Gimmestad kyrkje.
Oddleif Løset/Firda Tidend