Sogn og Fjordane politidistrikt melder at både politi og ambulansar rykte ut då dei fekk melding om uhellet rundt halv ti. Lastebilen var på veg mot Førde, og ligg på oppsida av E39 like sør om bygda Årdal.

Føraren av lastebilen kom seg uskadd ut.

Det skal vere kring to tonn dynamitt i lasta. Det blir no vurdert om sprengstoffet må lastast over på ein annan bil, før bergingsbil prøver å få lastebilen på rett kjøl.