Brannvesen, ambulanse og politi rykka ut etter melding om at ein lastebil hadde køyrt av vegen på E16 ved Aurland klokka 14.45 i ettermiddag.

Bilen låg på sida i ein skråning, etter å ha køyrt av vegen på venstre side. Ifølgje bt. nos journalist på staden har vogntoget velta mot ein stein. Hadde det ikkje vore for steinen, kunne lastebilen ha velta ned på to bustadhus.

Føraren av lastebilen vart sendt til Voss sjukehus med ambulanse.

— Informasjonen til no tyder på at det var mindre personskade, opplyser Sogn og Fjordane politidistrikt i loggen sin.

Lastebilen kom frå Voss og var på veg østover då ulykka skjedde. Ingen andre køyretøy var innblanda, og trafikken vart ikkje hindra. Saka blir følgt opp av Årdal lensmannskontor.

ARNE HOFSETH