Klokka 01.39 natt til fredag fekk politiet i Sogn og Fjordane melding om ei utforkøyring på riksvei 555 ved Heggmyrane i Luster.

Ein lastebil hadde køyrt utfor vegen og ned i ein bekk.

Politi og bergingsbil kom til staden, og fekk lastebilen tilbake på vegen. Bilen måtta tauast til verkstad i Sogndal, ifølge politiet.

Det er ikkje mistanke om at føreren køyrde med promille, opplyser politiet.