— Klokka 11.07 i dag fekk me melding om at ein lastebil køyrde mistenkeleg. Like etter kom det melding om at lastebilen hadde hamna i grøfta, seier operasjonsleiar Harald Myklebust ved Haugaland og Sunnhordland politidistrikt.

Den mannlege sjåføren i 40-åra blei ikkje skadd i ulykka. Han er tatt hand om av politiet, og det vil bli tatt ein utvida blodprøve av mannen.

— Me mistenker at han har vore rusa på anna enn alkohol, seier Myklebust.

Ingen andre var involvert i ulykka. Lastebilen vil bli fjerna i løpet av dagen.

ODD MEHUS (MMS)