Ei 86 år gammal kvinne låste seg sjølv ut frå den kommunale omsorgsbustaden ho budde i natt til søndag. Personellet på insitusjonen oppdaga ikkje at pasienten hadde komme seg ut. Kvinna har gått ned til fjorden som ligg like ved, og her blei ho funnen drukna søndag morgon.

Helse— og sosialsjef i kommunen, Arve Varden, seier seg lei for dødsfallet.

— Dette er først og fremst trist for dei pårørande, men også tungt for dei tilsette ved bygdetunet. Det er naturleg at vi tek ein full gjennomgang av rutinane, seier Varden til avisa Firda.