Bandet som vart brukt til å føre steinen frå kaien på Eikefet over i lasteromma på «Rocknes» strekkjer seg 12,5 meter ut over kaikanten, opplyser direktør Jostein Gjesdal ved Oster Pukk og Sand til BT. «Rocknes» er 24,75 meter brei. Det betyr at lastebandet, som er justerbart i lengderetninga, berre når ut til midten av lastelukene på skipet.

— Ja, det er eit problem på Eikefet, at lastebandet er litt kort, sa «Rocknes» sin andre kaptein, Olav Tangedal under sjøforklaringa i går.

Han forklarte at det var nødvendig å variere lengda på lastebandet når lasteromma tok til å bli fylt opp, for å få fordelt lasta skikkeleg ut på sidene. Slik skulle dei unngå å få ein farleg pyramideform på lasta, med fare for utrasing under seglasen. Men på grunn av bandet var det ikkje råd å få gjort dette skikkeleg.

— Det var vanleg at vi fekk litt meir tomrom på styrbord side enn på babord, sa Tangedal, som fekk spørsmål kor stort volum det ikkje let seg gjere å fylle opp på styrbord side.

— Nei, det tør eg ikkje seie, svarte Tangedal.

Justerte med ballast

Det kom måndag fram at «Rocknes» la seg litt skeivt i sjøen under turen inn til Bergen ulykkesdagen, og at kaptein Jan A. Juvik hadde forklart dette med at lasta truleg hadde rasa litt ut på styrbord side.

— Dette var normalt. Vi plar justere med å ta inn ballast på babord side i skipet, sa Tangedal.

Sjøfartsinspektørane John Ramsøy og Finn Paulsrud var svært oppteken av stabiliteten til «Rocknes» under utspørjinga i går.

Eitt av dei store spørsmåla dei skal finne svaret på er korleis «Rocknes» kunne miste all stabilitet umiddelbart etter grunnstøytinga. Ein teori er at krenginga til styrbord side då båten byrja ta inn vatn fekk lasta til å rase etter, fordi lasteromma ikkje var fylt slik dei skulle. Dette kan i så fall ha vippa båten rundt.

«Rocknes» var fullasta med 23.243 tonn singel då han gjekk rundt.

Kontrollrekna i Trondheim

Det er også eit spørsmål korleis ombygginga av båten har påverka skipets stabilitet. Overbygget bak på skipet vart kraftig utvida, og det vart montert eit stort losseapparat og eit dumpetårn framme på dekk.

Leiinga ved verftet som opphavleg bygde båten har tidlegare sagt til BT at vekta vart auka med 2300 tonn, og at tyngdepunktet må ha hamna høgare i skipet. Kaptein Tangedal stadfesta i går at dette nok kunne vere rett.

— Men skipet oppførte seg akkurat som før med tanke på manøvrerings-eigenskapane, sa Tangedal.

Ombygginga vart godkjent av klasseselskapet Germanischer Lloyd, som gjorde nye berekningar av skipets stabilitet før båten vart sett på sjøen. Desse reknestykka vart også kontrollert av ekspertar i selskapet Lodic AS i Trondheim, på vegner av Jebsen Management. Dei konkluderte med at reknestykka stemde og at skipet oppfylte alle krav til stabilitet.

Skadeomfanget uklart

Det er ennå ikkje klarlagt kor store skader «Rocknes» fekk i grunnstøytinga, og kor mange ballasttankar som vart punktert på styrbord side.

— Dette er ennå ikkje undersøkt. Etterforskinga pågår framleis, seier politiinspektør Svein Erik Krogvold til Bergens Tidende.

Fleire ekspertar i skipsstabilitet har tidlegare overfor BT stilt seg tvilande til om punkterte ballasttankar aleine kan ha fått båten til å gå rundt så fort som han gjorde.