No legg han lista lavare — saman med Lompelandslaget. 7. september er det premiere på revyen med lavare list. I alle fall i tittelen.- Litt trist, for Bergen er den finaste byen eg har budd i. Men akkurat denne hausten er arbeidet i Oslo. Så lenge eg får jobba med det eg likar, går det bra, seier Ringom til Bergens Tidende. Den perfekte leirleiar Og han ser ikkje bort frå at revyensemblet dreg ein tur over til Bergen dersom revyen slår an.Først må han skaffa seg eit krypinn i Oslo. Han er spent på kor lenge han får gå i fred på gata.- Eg har aldri vore autografjeger sjølv, så dette kom litt uventa på meg, fortel han medan to unge vossagjenter nærmar seg varsamt med papirbite og kulepenn, idet dei motar kvarandre opp. Det ordnar seg med både autograf og nokre ord til helsing.For dei fleste er ein autograf frå Lars Joakim fjern draum. Men i to puljer har til saman nær 60 bergensarar i alderen 10-13 år hatt han som ein av leiarane på sommarskulen ved Voss Folkehøgskule. Det er stas.Men Lars Joakim er ikkje sikker på om han har vore ein like god leiar i år som dei to føregåande åra på Voss. Psykisk sliten - Eg er rett og slett sliten psykisk av alt køyret. Vi leiarane var veldig spent på korleis det ville gå når eg skulle jobba med born att. Det kan nok tenkast at dei som også var her i fjor eller året før, opplever meg mindre sprudlande. Men det har gått betre enn frykta, seier han.Ein ting går i alle fall greiare i år; å få ungane i seng. Det er berre for Lars Joakim å truga med at han reiser heim, og ikkje er der om morgonen. Då blir det fort stille på internatet.

Lars Joakim Ringom svinga trommestikkene då Voss sommarleir hadde avslutningskveld torsdag.
Foto: Rune Sævig