Generalforsamlinga i Det Norske Misjonsselskap gav Lie 466 røyster, medan den andre kandidaten, forlagssjef i Verbum Turid Barth Pettersen, fekk 158.

Lars Gunnar Lie sa i sin tale før valet at han som styreleiar ville ha i fokus å nå ut og dela den glade bodskap. Han ser det òg som viktig å leia landsstyret som eit team, melder KPK.

— Det er godt å få et slikt tillitsvotum, sa Lie til Vårt Land etter avstemninga.

Lars Gunnar Lie er 66 år og busett i Fjell kommune på Sotra. Han har yrkesbakgrunn som rektor og har sete 16 år på Stortinget for KrF. I Syseregjeringa var han samferdsleminister.

<b>NY MISJONÆRSJEF:</b> Lars Gunnar Lie
KPK