Det var om lag klokka 23.30 i går kveld ulukka skjedde på Sør-Noreg Aluminium på Husnes i Kvinnherad herad.

— Lærlingen heldt på å merka anoder i elektrolysehallen, då ulukka skjedde. Lærlingen trakka feil og fall ned ein god meter. Den skadde vart sendt til Stord sjukehus, men vi veit ikkje kor skadd lærlingen er, seier informasjonsleiar Tor Bringedal i Sør- Norge Aluminium til bt.no.

Informasjonsleiaren vil ikkje opplyse kva kjønn og kor gamal lærlingen er.

Etter det bt.no forstår vart den skadde først sendt med ambulanse og sidan med skyssbåt til Stord sjukehus i natt. Fallet var ikkje høgt, men lærlingen skal ha hatt smerter i ryggen og oppover.

Arbeidstilsynet er varsla om ulukka.

SØR-AL: Her på Husnes ligger Sør-Norge Aluminium.
JAN M. LILLEBØ