Helse Vest har informert Helsedepartementet om at dei vil halde fram med å leige inn gynekologar for å drive fødetilbodet ved sjukehuset i Lærdal. Grunnen er at kirurgane ved sjukehuset har reservert seg mot å ha denne beredskapen. Spesialistane skal gå i ein stafett for å ha beredskap for nødkeisarsnitt 24 timar i døgnet, også etter at fødeavdelinga er gjort om til forsterka fødestove.

I praksis betyr dette at føden i Lærdal vil ha tilnærma same bemanning etter at ei forsterka fødestove er oppretta som medan fødestova var i drift. Det stadfestar viseadministrerande direktør Helge Bryne i Helse Vest:

— Men vaktberedskapen vil bli enklare. I praksis vil det no bli ein spesialist i gynekologi knytt til sjukehuset. Denne personen skal også ta beredskapen for akutte keisarsnitt. Men vi snakkar om ei anna driftsform. Vi skal ha ei forsterka fødestove som skal vere leia av ei jordmor.

— Blir ikkje dette ei svært dyr ordning?

— Å leige inn legar til ein vikarstafett kostar pengar. Så dette bli ei dyr ordning, ja.

— Dyrare enn det var å drive ei fullverdig fødeavdeling i Lærdal?

— Nei, det blir det ikkje. For då hadde vi eit heilt anna vaktsystem enn det vi får no, seier Bryne.

Overfor Bergens Tidende stadfestar Bryne at Helse Vest ikkje har komme dit dei ville med planane om forsterka fødestove i Lærdal.

Forkjemparane for Lærdal sjukehus var i går ettermiddag ikkje kjende med den siste utviklinga i saka rundt føden, og var svært varsame i kommentarane.

Etter innspelet frå Helse Vest har både Sosial- og Helsedirektoratet og Nasjonalt råd for fødselsomsorg gått god for det faglege opplegget rundt fødetilbodet i Indre Sogn.

— Vår konklusjon er at det opplegget som no er lagt er fagleg fullt forsvarleg, seier avdelingsdirektør Hans Petter Aarseth i direktoratet til Bergens Tidende.

— Men kva blir skilnaden for dei fødande?

— Det ligg i at gravide, der det i forkant av fødselen er mistanke om at det kan bli komplikasjonar, skal visast til andre sjukehus. Der alt tyder på at fødselen kjem til å gå normalt, kan fødslane skje i Lærdal, seier Aarseth.