Lærdal-ordførar Knut O. Aarethun (Ap) fryktar Hydro vil selje krafta, og putte pengane i eigen lomme.

— I så fall blir det reint lureri, seier Aarethun til NRK Sogn og Fjordane. Ordføraren gjer det klart at kommunen vil gå mot kraftlinja, dersom Hydro ikkje brukar straumen i aluminiumsindustrien i Sogn.

Planlegginga av den nye kraftlinja tok til midt på 90-talet. I 1996 starta Statnett på konsesjonshandsaminga av den nye kraftlinja som skal leggast i eit område med urørd natur. Det skjedde mellom anna etter påtrykk frå Hydro som argumenterte med at dei trengde meir straum for å byggje ut aluminiumsindustrien i Årdal. Etter at saka har lagt på is i fleire år, tok Statnett planane opp frå skuffa i haust. Truleg blir både søknad om å få byggje lina og ei konsekvensutgreiing send vassdragsverket før jul.

Den nye 300 kV-leidningen mellom Borgund og Øvre Årdal vil bidra til betre utnytting av produksjonen ved Nye Tyin kraftverk, og vil sikre kraftforsyninga til Årdal. Då Hydro for nokre år sidan fekk forlenga heimfall og løyve til å modernisere kraftverka på Tyin, sette styremaktene som krav at straumen skal brukast til industri i Indre Sogn.