Det er fylkesmannen i Sogn og Fjordane som har gitt klarsignalet, etter at Statens Naturoppsyn har registrert om lag 30 sauekadaver i Lærdalsfjella i sommar.

Det går om lag 10.000 sauer/lam i Nordfjella, som er eitt av dei viktigaste beiteområde for sau i sør-Norge. Sauebøndene i Lærdal fekk i fjor utbetalt nær 325.000 kroner i jerveskader for 17 sauer og 235 lam.

DN skriv i eit brev til fylkesmennene at det er grunn til å utvisa varsemd med uttak av jerv i 2002 Fylkesmennene har i år berre mynde til å gi fellingsløyve på to jerv i fjellområda i Sør— Norge utanfor Dovre og Lesja. No er altså det eine jaktløyvet gitt i Lærdal. Men berre fram til 1. september.

Lærdal Sankelag, eit av dei største på Vestlandet, blir oppmoda å iverksetja tidleg nedsankning av dyra frå Nordfjella, for å avgrensa jervetap i flokkane.