Dette er etter det Bergens Tidende kjenner til, konklusjonane frå faggruppa som har arbeidd med ein plan for ortopeditenestene i Helse Førde.

— Eg tolkar arbeidet i gruppa slik at drifta av klinikken i Lærdal blir ført vidare. Sjukehuset får behalde den ortopedifunksjonen vi har hatt siste åra, stadfestar overlege ved klinikken, Truls Jellestad, på spørsmål frå Bergens Tidende.

— Inneber dette at klinikken som før også skal satse på å hente pasientar frå område utanfor Sogn og Fjordane?

— Ja, det må vere ein del av grunnlaget for drifta i Lærdal.

Veldige protestar

Klinikken blei oppretta for meir enn to år sidan for å redusere dei lange ventelistene på Vestlandet. Helse Vest støtta etableringa. Men då dei ved siste årsskifte trekte tilbake det økonomiske tilskotet, avgjorde Helse Førde å kutte i drifta.

Avgjerda blei møtt med veldig protestar. I Indre Sogn såg dei på framlegget om kutt i drifta ved klinikken som så alvorleg at det rokka ved heile drifta av lokalsjukehuset.

Også pasientar, som hadde opplevd behandlingsopplegget i Lærdal som svært godt, engasjerte seg. Klinikken har brukt eit avansert datasystem som hjelpemiddel for å plassere kneprotesane korrekt. Overlege Truls Jellestad lærte metoden då han opererte i Tyskland, og tok den i bruk som første lege her i landet då han flytta tilbake til Noreg.

Dei kraftige protestane førte til at helseminister Sylvia Brustad kalla Helse Vest inn til føretaksmøte. Men nokre dagar før det var venta at statsråden skulle gje Helse Vest ordre om å drive ortopedien i Lærdal vidare, blei det kjent at klinikken hadde handla utstyr utanom offentleg innkjøpsordningar.

Innkjøpssaka enda med at styret i Helse Førde sa seg leie for at det hadde skjedd brot på regelverket, men at klinikken ikkje fekk lov til å bruke det pc-baserte navigasjonsutstyret som var teke i bruk utanom lovverket.

Kø av pasientar

Ei rekkje pasientar står no i operasjonskø ved sjukehuset i Indre Sogn. Mange som hadde fått time før det blei avgjort å stoppe bruken av det avanserte computerutstyret, har valt å vente i håp om at klinikken får ta dette i bruk att. No ser det ut til at ventetida kan gå mot slutten.

— Det har teke noko lenger tid enn eg hadde både tenkt og ønskt. Men eg håpar no at det ikkje skal gå så altfor mange vekene før vi er tilbake i same drift som før, seier Jellestad.

Klinikkoverlegen er i desse dagar i Tyskland der han nettopp ser på kva type navigasjonsutstyr Helse Førde skal bruke. Dei aller fleste store leverandørane av medisinsk utstyr tilbyr i dag ulike variantar av computerbaserte løysingar som skal hjelpe ortopeden å plassere protesane rett.

Skulder og rygg på Eid

Ortopediplanen for Sogn og Fjordane skulle eigentleg vore klar like etter nyttår. På grunn av det arbeidet som er på gang for å avklare kva funksjonar lokalsjukehusa skal ha i framtida, vil gruppa ikkje kome med sin rapport før konklusjonane frå dette nasjonale prosjektet er trekte. Det er venta at den nasjonale gruppa legg fram si innstilling 19. mars. Eit par dagar seinare vil så faggruppa i ortopedi i Sogn og Fjordane leggje siste hand på sitt verk.

Etter all støyen som var om ortopedien i Sogn og Fjordane i fjor, karakteriserer Jellestad arbeidet i faggruppa som konstruktivt:

— Etter mitt syn har det også vore positivt at vi fekk høve til å bruke litt meir tid enn det var føresett.

Faggruppa har brukt mykje tid på å drøfte funksjonsfordeling mellom sentralsjukehuset i Førde og lokalsjukehusa på Eid og i Lærdal. Ein annan konklusjon frå gruppas arbeid er at Eid får eit særleg ansvar for skulder- og ryggkirurgi.

Øystein Torheim (arkiv)