Men 14 mot tre røyster avgjorde dei folkevalde å byggje senteret til 38 mil-lionar kroner. Det nye senteret skal mellom anna syte for trygg og fram-tidsretta plassering av den store sam-linga av måleri, skulpturar og andre ar-beid kunstnaren Hans Gjemse donerte til heimkommunen i 1994. Sidan 1998 har Gjesmesamlinga vore plassert i den gamle telegrafbygningen i sentrum på Lærdalsøyri.

Kunstsenterbygget har vore svært omstridd i Lærdal, og er av grunnane til den bitre striden mellom ordføraren og rådmannen i kommunen. Kostna-dene har meir enn dobla seg sidan pro-sjektet starta. Kritikarane, med Ap-po-litikar Hadle Blikra i spissen, meiner byggjenemnda med ordførar og parti-felle Arne Sanden i spissen har svikta fullstendig. I eit lesarinnlegg i Sogn Avis nyleg skulda Blikra byggjenemn-da for å ha drive med kreativ bokfø-ring for å usynleggjere delar av kostna-dene.

Då saka var framme i formannska-pet gjekk eit fleirtal mot planane. Men etter partimøte og gruppemøte i daga-ne før gårsdagens kommunestyremø-te, var det klart at det ville bli fleirtal for å realisere prosjektet.