Opphavleg skulle alle prøvene i matematikk for 8. trinnet vere ferdig retta og registrerte fredag. No er fristen utsett til over helga for landets nær 400.000 åttandeklassingar.

– Eg brukar sju timar på å leggje inn alle svara. For kvar elev er det 76 svar som skal bli registrerte. Det tar lett 15 minutt pr. elev, det dobbelte når det er stor pågang, seier Skintveit. Han er tillitsvald for lærarane ved Fjell ungdomsskule.

Som funksjonær

– Når du berre skal plotte i sju timar, er du på funksjonærstadiet. Lærarrolla er heilt borte, seier Skintveit. Han meiner han får lite igjen for tida.

– I staden kunne eg fått planlagt mykje undervisning. Når eg berre registrerer svara, får eg ikkje noko oversikt over kva elevane mine treng hjelp med.

Sotralæraren er ikkje den einaste som er misnøgd. Ved Gimle skole er tillitsvald Synnøve Kirkebø irritert.

– Det var sagt at det ikkje skulle ta så lang tid å rette prøvene. Men det viser seg at vi likevel brukar mykje lengre tid for kvar klasse, seier Kirkebø.

Tillitsvaldkollega ved Rothaugen skole, Astrid Øhrn Breistein, har også fått reaksjonar.

– Idiotisk

– Lærarane har brukt sju-åtte timar på ein klasse. Det er alt for mykje tid å bruke når vi ikkje får tilgodesett tida. Det går utover det faglege utbyttet til elevane, seier Øhrn Breistein.

Grete Ingebrigtsen, leiar i Utdanningsforbundet i Bergen, seier ho ikkje er overraska over meldingane.

– Nasjonale prøver skal også vere støttande i undervisninga. Men her sit lærarane og gjer arbeid som ikkje gir nyttig info, seier Ingebrigtsen.

Fleire andre skular BT har kontakta melder om det same problemet.

– Sjølv hadde eg norsk, som var enkel å registrere. I matematikk tok det ein time for fire elevar, og lærarane klarte ikkje å sjå kva resultata fortalde dei. Det er idiotisk å bruke ein arbeidsdag på noko du syns er meiningslaust, seier lærar Bente Myrtveit ved Ortun skole.

Rett på nett

– Det er klart det tar tid å få prøvene registrert, men det er få som har gitt tilbakemeldingar. Det seier prosjektleiar for dei nasjonale prøvene, Ole Christian Melhus i Utdanningsdirektoratet. Han medgir ein viss treighet i systemet når det var flest lærarar pålogga samtidig.

– Samtidig har 98 prosent av elevane fått registrert resultata sine. Vi er kjempenøgde med resultata, seier Melhus.

For den nasjonale prøva i engelsk, svarte elevane direkte på nettet. Dermed gjekk også all rettinga elektronisk.

– Vi evaluerer seinare om meir skal over på elektronisk plattform. Eg ser ikkje bort frå at det vil skje i framtida.

Bergens Tidende fekk ikkje kommentarar frå kunnskapsminister Bård Vegar Solhjell.