— Å gå inn i klasserommet følest innimellom som å kome inn på ein internettkafe, seier lærar Kari Bjørnsvik.

Lærarjobben hennar på Voss vidaregåande har ikkje vore heilt den same etter at skulen begynte å ta i bruk berbare pc'ar i klasserommet.

400 lærarar frå heile fylket møtest i dag på konferansen «Dei gode døma», som blir arrangert av Hordaland fylkeskommune. Her skal lærarane få konkrete eksempel på korleis dei kan bruke digitale læremiddel i undervisninga.

Chatting i timen

— Pc'en er eit formidabelt hjelpemiddel i mange fag, men eit herk og plunder i andre, oppsummerer Bjørnsvik.

— Klasserommet har forandra seg fullstendig. Alle sit med skjerm foran seg, og der skjer det langt meir spennande ting enn læraren kan hoste opp.

**Les også:

Freistingane står i kø berre nokre tastetrykk unna**

Alle elevar i dei vidaregåande skulane i Hordaland skal få eigen pc, betalt av fylkeskommunen, innan hausten 2009. Men vedtaket møter kritikk.

Når Facebook, chatting og dataspel berre er eit tastetrykk unna, viser erfaringane at det er altfor lett å misbruke pc'en i timen. Dessutan meiner lærarane at dei har fått for lite opplæring i korleis dei skal jobbe i den nye, digitale skulen.

Kari Bjørnsvik, som har vore lærer på Voss sidan 1999, fortel at det ofte går med mykje tid kvar time, særleg i starten av skuleåret, for å få elevane til å klappe igjen datamaskina.

— Det tar mykje tid bort frå undervisninga. Du blir redusert til ein streng lærar, som må stå og passe på.

Ikkje alle respekterer beskjeden, og ofte er dette dei same elevane som det er vanskeleg å engasjere i undervisninga.

— Før kikka dei ut vindauget. No ser dei ned i Windows, seier seksjonsleiar Mildrid Kronborg Økland i Utdanningsforbundet i Hordaland.

— Elevane sjekkar Facebook og chattar på msn, og er ikkje mentalt til stades i klasserommet. For lærarane er det vanskeleg å sjekke om elevane faktisk følgjer med, eller gjer andre ting.

Vaktbikkjer ved laptopen

— Som ein lektor sa: Det var lettare å hente inn elevane før, når dei var fjerne i blikket og såg ut vindauget, enn når dei chattar eller er midt i eit spel, seier NTNU-professor Arne Krokan.

Mellom anna vurderer Nordland fylkeskommune å ta konsekvensen av dette ved å stenge tilgangen til msn og Facebook på skulane. Men at elevar driv med andre ting enn læraren vil, har vore ei velkjent utfordring lenge før dataalderen.

— Ja, eg kjenner motargumentet: At vi ikkje klarte å hanke inn desse elevane tidlegare heller. Men eg trur freistinga til å ikkje følgje undervisninga er større, når pc'en og nettet er oppe, seier Økland.

— Lærarane har ikkje lyst til å vere vaktbikkjer, men ha tillit til at elevane gjer det dei får beskjed om. Små klasserom legg heller ikkje forholda fysisk til rette for at læraren kan flytte seg rundt og ha oversikt over kva elevane brukar pc'en til.

Økland meiner at innføringa av pc i skulane går for raskt.

— Snøballen rullar altfor fort. Det politiske vedtaket vart gjort før prøveprosjektet vart evaluert. Men det er ikkje berre å innføre pc i alle klasserom. Infrastrukturen kjem haltande etter, og lærarane må få opplæring. Eg seier ikkje at pc'en skal bort, men innføring i klasserommet må skje gradvis. Vi må ha klare spelereglar for bruken. Pc'en er eit verktøy, ikkje eit mål i seg sjølv.

Må ha pc-fri sone

Bjørnsvik meiner at pc'en forsterkar skiljelinjene mellom elevane, og at pc-frie timar er heilt nødvendig.

— Det er det same skiljet som i klasserommet elles. Sterke elevar hentar inn stoff og er kjeldekritiske til informasjon. Svake elevar klipper og limar og lærer lite. Av og til må vi leggje vekk pc'en for å verne om undervisninga og skape rom for den gode samtalen, som er noko av det viktigaste som skjer i eit klasserom.

Hva synes du om pc-er til alle i skolen? Diskutér saken.

PÅ NETT: Daniel Olsen (t.h.) og Sebastian H. Fjereide arbeider med regnskapsanalyse på datamaskinene sine. Elevane innrømmer at maskinene ikkje alltid blir brukt til det dei skal.
Larsen, Bjørn Erik