Det vedtok Hordaland fylkesutval måndag med åtte mot sju røyster. H, Frp og KrF røysta for, Ap, SV, Sp og Venstre mot. Det er utarbeidd eit vurderingsskjema som elevane i den vidaregåande skulen skal nytte når dei gir lærarane karakterar.

Mindretalet i fylkesutvalet støtta dette forslaget frå Gisle Handeland (Ap): «Fylkesutvalet vil peike på at saka har ei rad uavklarte problemstillingar av etisk, personalpolitisk, organisatorisk og juridisk karakter».

Målet med vurderingane er å betre undervisinga og undervisingsmiljøet.