Seint i natt vart KS og Utdanningsforbundet samde om ein ny arbeidstidsavtale, som skal gjelde fram til 1. mai 2006.

Avtalen inneber at arbeidsåret til lærarane blir uendra, men lærarane må belage seg på å tilbringe større del av arbeidstida på skulen.

— Vi i Utdanningsforbundet er nøgd med at arbeidsåret og leseplikta er uendra. Vi ser avtalen som eit godt grunnlag for ein god prosess fram mot 2006. Medlemmene i Utdanningsforbundet skal no få uttale seg om avtalen, seier nestleiar Per Aahlin i Utdanningsforbundet.

KS-leiar Halvdan Skard er godt nøgd med at dei vart samde.

— Eg tykkjer det er svært tilfredsstillande at vi kom fram til ei løysing. Det lovar godt for det vidare arbeidet, seier Skard. Avtalen gjer at det vansklege arbeidstidsspørsmålet er løfta ut av tarifforhandlingane til våren, som truleg blir vansklege nok. Det der første gong lærarane skal forhandle med KS. Tidlegare har staten vore motpart.

Det har den siste tida vore fleire "ville" lærarstreikar mot kravet om at større del av arbeidstida skal bli bunden. Seinast skjedde det på Åsane Gymnas i går, der Utdanningsforbundet greip inn og stoppa streiken.