— Brukargranskinga for skule og skulefritidsordninga (SFO) viser at lærarane ser på mobbing som meir omfattande enn det elevane oppfattar, seier kommunalsjef Else Berit Kyte i Voss kommune.

Foreldra fråverande

Ho er nøgd med at Voss skårar på line med landsgjennomsnittet på dei aller flere parameter, litt i overkant på nokre felt.

Men ho er ikkje imponert over svarprosenten frå foreldra. Den ligg nede på 38,3 prosent i skulen. SFO-foreldra er litt flinkare, men stoggar på 42 prosent.

— Det er lett å tru at den som ikkje svarar er nøgd, men litt farleg å lita på det, seier Kyte.

Store variasjonar

Brukargranskinga for Voss røper store variasjonar mellom skulane, men kommunen vil ikkje offentleggjera resultat for einskildskular.

— Her på Voss er fleire av skulane så små at detaljerte resultat går på personvernet laus. Enkeltelevar kjennast att i lokalmiljøet, seier Kyte.

Ho har førebels ikkje studert materialet grundig nok til å seia om det er systematiske forskjellar på store skular og dei små grendeskulane.

Aldri kvitt mobbing

— Når det spesielt gjeld mobbing, vil eikvar sak bli «stor» ved ein liten skule. Alle blir involvert. Ved store skular går slikt «på det jamne».

- Trass nulltoleranse?

— Målet er alltid å koma all mobbing til livs, men eg trur ikkje at vi nokon gong kjem heilt dit. Slik er menneskenaturen, seier kommunalsjefen for pedagogiske tenester.