Læraren risikerer no eitt års fengsel etter ulukka, som skjedde 1. desember i fjor, skriv NRK Sogn og Fjordane.

Ulukka skjedde i eit fotgjengerfelt i Tennebø i Vågsøy.

Læraren er klar til å ta den straffa som måtte komme.

– Kvar og ein bilist som køyrer på ein fotgjengar må vere villig til å ta straffa, for det er jo konsekvensen av å køyre bil. Det ville jo vore lovlause tilstandar om vi ikkje skulle verte straffa når vi køyrer på folk, seier læreren til NRK Sogn og Fjordane.

Guten som vart påkøyrd vart frakta til Haukeland Universitetssjukehus, men har i dag berre mindre fysiske plager.