Familiefaren må også betale 100.000 kroner i erstatning til offeret, ei jente som var berre 16 år gammal då ho vart med klasseforstandaren i bubilen hans.

Sjølv har han heile tida nekta for å ha hatt nokon som helst seksuell omgang med jenta. For denne påstanden får han det glatte lag av dommarane. «Retten finner det åpenbart at tiltalte bevisst snakker usant om det som skjedde i bobilen», skriv dei.

For det første viser DNA-prøver at sæd funne på innsida av buksa til jenta stammar frå læraren.

Dessutan var ei venninne av henne vitne til at han like etter gav 16-åringen ei angrepille, og seinare også ein graviditetstest. Også dette har læraren nekta for. Men dommarane oppfatta venninna som svært truverdig i retten, og ser bort frå at historia kan vere oppdikta.

«Resultatet av dette er at tiltalte fremstår i retten med liten eller ingen troverdighet», heiter det i dommen.

Ingen teikn på frivillig sex

I og med at læraren laug på dette sentrale punktet, stiller retten seg kritisk også til dei andre delane av forklaringa hans.

Han påsto i retten at jenta hadde vore forelska i han i lang tid, og at han tok henne med i bubilen for å forklare at det måtte bli slutt på kontakten mellom dei to.

Forsvarar Brynjar Meling la under rettssaka vekt på at det vart sendt meir enn 500 tekstmeldingar mellom lærar og elev i vekene før og like etter overgrepet.

Dommarane meiner det i teorien kan tenkjast at dei to hadde frivillig sex junidagen i 2002. Men ingenting i forklaringane til jenta eller læraren underbyggjer ei slik historie, og retten har difor vald å leggje jentas versjon av det som skjedde til grunn.

Ankar dommen

Valdtekta skjedde på jentas siste skuledag. Ho forklarte i retten at læraren var «heilt vill», og at han i bilen skal ha sagt at dette var siste sjanse til å ha sex med henne.

Retten legg vekt på mannen har misbrukt tilliten han hadde hos jenta som lærar, og viser til at dei to på ingen måte var jambyrdige: ho var 16 år, han ein velutdanna mann på 42.

Når straffa ikkje vart enda strengare, er det blant anna fordi mannen allereie er skandalisert på heimstaden, og fordi han står i fare for å misse arbeidet som lærar.

Tiltalte var sjølv til stades då dommen vart forkynt i går.

— Har du forstått dommen? spurde tingrettsdommar Gunnar Rode Torvund.

— Eg har forstått dommen. Eg ankar på staden, svarte 44-åringen.