Det var i 2003 at læraren i Nordfjord starta firma på fritida, og importerte rundt 20 bilar. Men han kom aldri i gang med å føre rekneskap, og bilaga hopa seg opp i kjellaren hjå mannen.

Dei 20 bilane selde han i 2003 og 2004, men i juni 2005 var det slutt på forretningsdrifta. Da vart firmaet tvangsoppløyst etter at revisor hadde trekkt seg.

Mannen har i ettertid betalt inn skjønsmessig skatt på 65.000 kroner.

I retten la han alle korta på bordet, og straffa er i samsvar med påstanden frå aktor.