Mange adopsjonsfamiliar ventar med spenning på dagens statsbudsjett. Blir adopsjonsstøtta heva? Utfallet kan få store konsekvensar for talet på utanlandsadopterte barn i Norge.

For ekteparet Renathe Wågenes (31) og Steinar Ingvaldsen (37) i Hetlevikvegen på Askøy vil det vera avgjerande for om dei har råd til å adoptere eit tredje barn frå India.

— Vi har god plass og er unge nok til å få endå eit barn. Men vi har ikkje råd, fordi vi har lånt cirka 170.000 kroner for å adoptere dei to barna vi alt har, seier Renathe Wågenes til Bergens Tidende.

— Men blir adopsjonsstøtte heva til over 50.000 kroner, er situasjonen ein heilt annan.

Dyr adopsjon

I dag kostar det godt over 100.000 å adoptere eit barn. For tida betaler Staten berre ut 23.400 kroner i støtte for kvar fullførte adopsjon.

— Vi fikk sjokk då vi oppdaga kor mykje det kosta å adoptere. Men vi følte at vi ikkje hadde noko val hvis vi ville ha barn, forklarar Renathe.

Først kom Troy. På stoveveggen ved sida av brurebiletet av mamma og pappa, heng eit fotografi av den vesle sjarmøren i dåpsantrekket: Ei vakker, indisk drakt. Han er to år på bildet.

Då han reiste frå barneheimen i Bombay til Askøy i mars 2000, var han seksten månadar. I november i fjor kom Katrine. I dag er ho to år.

— Eg pleier å seie at mine barn ikkje kom med jetfly, men med storken, ler Renathe.

Lottopremie

Det var adoptert vel 990 barn til Norge i 2002, vel nitti fleire enn året før. Mange adopsjonsfamiliar må låne for å få råd.

— Å ikkje få eigne barn er ein brå og brutal realitet for mange, og dei færraste har lagt av pengar til adopsjon, seier ho.

— Vi tok opp lån på huset, men eg veit om mange som har tatt opp dyre forbrukslån. Andre har seld bilen, og eit par vann Lotto midt i adopsjonsprosessen. Flaks, ikkje sant?

Ikkje berre er utgiftene høge. Samstundes svingar grunnbeløpet frå Staten frå år til år.

— Då vi begynte prosessen, var beløpet 30.000 kroner. To år seinare var summen nede i 15.000. Slikt gjer situasjonen vanskelegare.

— Etter mitt syn er det urettferdig at vi må ut med så mange pengar, for å kunne bli ein familie. For mange er adopsjon einaste utveg, og bør kunne skje uavhengig av god økonomi, meiner Renathe.

- Håplaust

I over eitt år har aksjonen www.adopsjonskostnad.no med utspring i Bergen, arbeidd for å auka adopsjonsstøtta til vel 54.000 kroner. Det tilsvarar grunnbeløpet i folketrygda (1G).

Leiar i adopsjonskostnad.no, Knut Vindenes tykkjer at situasjonen er håplaus.

— Mange har ikkje råd til å adoptere, mens andre igjen berre har råd til å adoptere eit barn. Dermed blir mange adoptivbarn einebarn, og det er ikkje til barnets beste. Eller adoptivfamilien må spare så lenge før dei får råd til endå eit barn at aldersforskjellen blir stor.

— Dette er ei viktig familiepolitisk sak. Å adoptere er ein fin måte å få familie på. Samstundes går fødselsratene ned, og vi undrar oss over at det skal vera så vanskeleg å få til betre rammevilkår for familar som ønskjer å adoptere, meiner Vindenes.

BOMBAY-HETLEVIK: Adoptivbarna Troy (5) og Katrine (2) saman med mamma Renathe Wågenes heime i sofaen. Ekteparet i Hetlevikvegen måtte låne tilsaman 170.000 kroner for å få råd til å adoptere. <br/>Foto: MARTE ROGNERUD