Hordaland fylkeskommune har gjennom mange år vore opptekne av folkemusikken si rolle i kulturlivet, og i 1992 vart det difor skipa ei fylkesmusikargruppe innan folkemusikk. Gruppa har i desse dagar fått nytt namn: FYHND ( Fy lkesmusikarane i H ordala nd ) og 14. september slepte dei sin fyrste cd i kunsthuset Kabuso i Øystese.

FYHND Held konsert i Ungdomshallen på Voss onsdag 24. september kl. 1900.

Reidun Horvei — kveding, Einar Mjølsnes - hardingfele/viola da gamba, og Frank Henrik Rolland - hardingfele har henta fram folkemusikk som dei tykkjer godt om og som dei har eit musikalsk tilhøve til som gruppe. Mykje av innhaldet er henta frå Sunnhordland og Hardanger. Det er likevel med musikk som er komponert og som dei framfører i folkemusikalsk drakt. Slåtterekkje nr.2 av Einar Mjølsnes, er skriven for vokal, hardingfele og viola da gamba og inneheld fire satsar: rull, halling, lydarslått og springar. Kjende songar som ”En lite vise” frå Hornindal, tekst: Arnulf Øverland og ”Den fyrste songen”, tekst: Per Sivle, musikk: Lars Søraas vert òg å finna.

Reidun Horvei, kveding

Fylkeskvedar i Hordaland sidan 1992. Reidun har deler av stillinga si ved Hardanger folkemuseum, Utne.

Ho er utdanna ved Bergen Musikkonservatorium, no Griegakademiet, og har i tillegg fleire studieår i utlandet.

Reidun har gjeve ut fleire cd-plater og bokverket Folkesongar i Hordaland . Ho har medverka på ei rekkje konsertar i inn- og utland og motteke mange stipend.

Reidun Horvei fekk Griegprisen i 1993.

Einar Mjølsnes, hardingfele og viola da gamba

Fylkesmusikar i Hordaland sidan 1992, med arbeidsstad ved Ole Bull-akademiet.

Einar er utdanna ved Veitvet og Bergen Musikkonservatorium, no Griegakademiet, og er ein mykje påakta musikarar og arrangør, kjend frå ei rekkje cd-innspelingar.

Einar Mjølsnes fekk Griegprisen i 1993, Osaprisen i 1997 og Sagaprisen i 1999.

Han var Spelemannprisvinnar i 2006.

Frank Henrik Rolland, hardingfele

Fylkesmusikar i Hordaland sidan 1996, med arbeidsstad ved Hardanger folkemuseum

Frank var nominert til Spelemannsprisen i år 2000 med cd-en Håstabøslåttar.

Han har brei erfaring frå både konsertverksemd og med opplæring av nye generasjonar av folkemusikarar.