Leiar Trude Brosvik i HAFS, samarbeidsrådet for kommunane Askvoll, Fjaler, Hyllestad, Gulen og Solund, presenterte i går ein plan ho meiner Sogn og Fjordane ikkje har råd til å takke nei til.

— Dette er rett og slett ein gåvepakke, meiner Gulen-ordføraren om tiltaket som gjer at Sogn og Fjordane kan bli stroken av lista over fylke som ikkje har denne type utdanning på vidaregåande skulenivå.

I Fjaler ligg både Dale vidaregåande skule og det einaste United World College (UWC) i landet. Sistnemnde gjev i dag denne type utdanning til 200 elevar frå heile verda. Tanken no er at elevar frå Sogn og Fjordane som ønskjer å ta IB, kan søkje Dale vidaregåande og følgje store delar av undervisninga på UWC.

— I staden for å oppretta ei eiga linje som ville bli svært dyrt, kan vi få eit opplegg der ein elevplass vil koste kring 100.000 kroner, seier Brosvik. Ho trur det i første omgang er realistisk å tilby plass til mellom fem og ti elevar kvart år. Tanken er at elevar frå heile fylket kan søkje.

Utviklingsdirektør Arne Osland på verdsgymnaset UWC har stor tru på tiltaket.

— Vi trur dette vil styrke kompetansen ved begge skulane, og knyte UWC tettare til lokalmiljøet, seier han

IB er ein eksamen som svarar til vidaregåande skule, men har færre fag og går meir i djupna. Elevar med IB-eksamen kan søkje om studieplass ved universitet og høgskular over heile verda. I dag finst det rundt 20 skular som gjev eit slikt vidaregåande skuletilbod i landet. I Hordaland skjer dette på Bergen Katedralskole.

Brosvik legg ikkje skjul på at planen blir lansert no som ein konsekvens av debatten som vil kome om nedlegging av vidaregåande skular i Sogn og Fjordane. Sviktande elevtal gjer at ei styringsgruppe i vår la vekk eit alternativ om å oppretthalde alle dagens 14 skular. Inntil fire vidaregåande skular kan bli lagt ned, og Dale er ein av dei som fort kan kome i søkjelyset.