Vernefolka varslar motstand og meiner vern av Langfossen berre er gjort for å sukra pilla. Etne-ordførar Amund Enge er skuffa.

Noregs vassdrags— og energidirektorat (NVE) tilrår ei av dei største vasskraftutbyggingane i nyare tid. Ei utbygging som vil kosta 2,5 milliardar kroner, som vil vara i åtte år og sysselsette 1300 årsverk.

Liten kraftgevinst for Etne

Ordførar Amund Enge (H) i Etne er skuffa over innstillinga frå NVE.

Etne kommune har kalkulert med store kraftinntekter frå utbygginga i Saudafjella. Men i og med at Langfossen er ute av av NVE framlegget, blir det berre om lag tre millionar kronar til Etne sitt næringsfond. Heile utbygginga kjem på 2,5 milliardar kroner.

Sauda og Odda kommunar får 90 millionar på deling til sine næringsfond.

-Eg trur løpet er kjørt for Etne sin del i denne saka, meiner ordførar Enge.

-Vi kan jo håpa at innstillinga vert endra før endeleg vedtak i Stortinget. Men det er lite sannsynleg, seier ein skuffa ordførar til bt.no.

Vernarane: Provokasjon

Dette er eit gufs frå fortida. Det er ein provokasjon og det er heilt unødvendig, meiner Øistein Dahle, som representerer verneinteressene, om NVE sine planar.

NVE har teke ut Langfossen for å gjera utbygginga politisk akseptabel. Innstillinga er skandaløs, seier Ole Martin Lund i Vernegruppa for Saudavassdraget til bt.no.

Vernefolket varslar kraftig motstand mot utbygginga.

NVE sitt syn

I pressemeldinga frå NVE heiter det:

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) tilrår Olje- og energidepartementet at det vert gjeve løyve til å oppruste og utvide tidlegare utbygging i Sauda og til å overføre nye nedbørfelt.

Av omsyn til sterke miljø- og turistinteresser tilrår NVE at det ikkje vert gitt løyve til å overføre Langfossen og Saltåna.

NVE si innstilling reduserer ny kraftproduksjon med om lag 15 prosent i høve til søknaden. NVE legg vekt på at prosjektet gjev eit monaleg bidrag til effekt- og kraftbalansen.

NVE tilrår at det vert gjeve nytt løyve til noverande reguleringar i Sauda, og at det vert gjeve løyve til å overføre Åbødalsvassdraget, Lingvang-/Tengesdalvassdraget, Slettedalselvi og Maldalselva/Sagelva.

NVE tilrår ikkje konsesjon til å overføre Langfossen og Saltåna, men tilrår resten av nordoverføringa som tek inn felt som drenerer mot Åkrafjorden.

Etter NVE sitt syn kan ulempene for miljø og friluftsliv reduserast til eit akseptabelt nivå ved minstevassføringar og andre avbøtande tiltak. NVE rår til minstevassføringar som samla reduserer ny kraftproduksjon med om lag 90 GWh. Ved å ta ut overføringa av Langfossen og Saltåna vert produksjonen ytterlegare redusert med 100 GWh.

NVE legg vekt på at prosjektet fører til ei vesentleg betre utnytting av tidlegare utbygde vassdrag og at overføringa av nye vassdrag vil gje ny effekt- og energitilgang som betyr mykje for kraftoppdekkinga.

Etter NVE sitt forslag blir samla produksjon på 2000 GWh, som er ein auke på 960 GWh i høve til noverande produksjon. Effekten vert auka frå 170 MW til 570 MW.

Bak Saudaprosjektet står Elkem ved AS Saudefaldene og Sunnhordland Kraftlag AS.

REDDA: Den vakre Langfossen i Åkrafjorden vert no redda, dersom departementet følgjer rådet frå NVE.
FOTO: LARS MÆLAND